Sju fekk bot for manglande bilbelte

Sju brukte ikkje bilbelte og tre mangla dokument.

Illustrasjonsfoto 

Nyheter

Det viser kontrollen som Statens vegvesen hadde på Nordfjordeid laurdag.

Sju fekk gebyr for manglande bilbeltebruk, og tre førarar fekk gebyr for manglande dokument. Ein førar måtte også sikre og merke lasta før han fekk fortsette turen. Ein førar hadde sotfilm på siderutene framme på bilenm, noko han fekk pålegg om å fjerne.

I ein bil var det tre passasjerar i baksetet som var usikra.

– Dersom denne bilen hadde vore utsett for ei ulykke kunne dette fått fatale konsekvensar for dei to som sat framme sjølv om dei sat godt sikra. Det er viktig å tenke på at det har konsekvensar for andre i bilen dersom du ikkje brukar bilbelte, seier Ove Garlid i Statens vegvesen på Nordfjordeid.