Stad skipstunnel:

– Det er kun dagens alternativ som må byggast

Vågsøy kommunestyre vil ikkje gå med på å bygge eit mindre alternativ til Stad skipstunnel.

Illustrasjon: Snøhetta 

Nyheter

Vågsøy kommune, ved ordførar Kristin Maurstad (Ap), har sendt ut ein uttale, der dei ytrer si bekymring om ein eventuell nedskalering av Stad skipstunnel. I uttalen, som er gjengitt i sin heilskap under, krev kommunestyret at regjeringa Solberg og Stortinget løyver dei omtala 30 millionar kronene til skipstunnelen i budsjettet for 2019.


Krev at regjeringa legg inn 30 millionar i 2019

I brev til statsministeren og samferdsleministeren krev kommunestyret i Selje at naudsynte midlar vert sett av til Stad skipstunnel i statsbudsjettet.



«Vågsøy kommunestyre er uroa over dei signala som samferdselminister Jon Georg Dale sender ut om at han vil vurdere å gå for eit mindre alternativ av Stad skipstunnel for å få ned kostnadane.

Vågsøy kommunestyre meiner at det kun er dagens alternativ som Kystverket har utgreidd og gått inn for, som må byggast. For Vågsøy kommune og seinare Kinn kommune, vil dette prosjektet ha store moglegheiter for å utvikle området og skape nye arbeidsplassar, dette vil gjelde heile regionen. Dette er framtidsretta og vil etter kommunestyret si meining ha størst ringverknader. Kommunestyret viser for øvrig til Per Sævik sine ut talar på Vanylvskonferansen der han seier at «Det mindre alternativ er bortkasta pengar».

Skal Stortinget oppnå målet om å få meir gods frå veg til kjøl, er det største alternativet ein soleklar føresetnad for å kunne nå dette målet, og skipstunnelen må byggast. I tillegg vil Stad skipstunnel vere med på å gje eit sikrare alternativ til det mest vêrharde havstykket langs heile kysten.

Stad skipstunnel er eit unikt prosjekt i verdssamanheng og må sjåast i lys av dette. Denne tunnelen vil ikkje berre sette Nordvestlandet på verdskartet, men heile Norge. Kommunestyret er forundra over Hurtigruten sin utale om bruk av Stad skipstunnel, og meiner at fleire av momenta Hurtigruten nemner ikkje er relevante.

Vågsøy kommunestyre vil også vise til Fylkestinget i Sogn og Fjordane sine utalar i saka. Vi er også skeptiske til måten KS 2 en er laga på, der dei positive sidene knapt nok er tekne med, men dei negative er dregne heilt ut, dette gjev avgrensa truverde.

Kommunestyret har tiltru til Kystverket, og vil be om at Kystverket får i oppgåve å gå gjennom KS 2 og komme med si vurdering av denne. Vågsøy kommunestyre krev derfor at Regjering og Storting løyver dei omtala 30 mill til grunnkjøp i haustens budsjett for 2019.»


Ingen løyvingar til Stad skipstunnel:

Set sin lit til revidert statsbudsjett for å nå byggjestart i 2021

Håpet var at det skulle ligge 30 millionar i statsbudsjettet til grunnerverv for Stad skipstunnel. Men det kom ikkje, og for å rekke byggjestart i 2021, set no Randi Humborstad all sin lit til at det kjem i revidert statsbudsjett i mai. 



Formannskapet:

Overrasket over Hurtigruten sitt skipstunnelutspill

Formannskapet i Vågsøy har registrert Hurtigruten sitt utspill om at de ikke vil bruke Stad skipstunnel i framtida.



Hurtigruten vil ikkje bruke skipstunnelen

Av omsyn til sikkerheita og sidan dei ikkje har særlege problem med å segle forbi Stad, vil ikkje Hurtigruten bruke Stad skipstunnel om den blir bygd.