Entreprenør varslar byggesprekk på fleire millionar

Grunna prosjekterings-utfordringar, ein høgare båt enn venta, endra brukarønskjer og forseinka ferdigstilling er det varsla at Sagastad kan sprekke med fem millionar.

Varslar millionsprekk: Hovudentreprenør på Sagastad-prosjektet, Veidekke, varslar om ein mogleg sprekk på fem millionar kroner. Eid industrihus KF har ikkje akseptert varsla. Alle foto: Marianne S. Rotihaug  Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

– Dette er førebelse tal ut frå varsel som har kome frå ulike entreprenørar. Vi har ikkje akseptert nokon av dei varsla som har kome knytt til økonomi, men vi har akseptert fristforlenging, seier styreleiar Ove Bjørlo i Eid industrihus KF, som bygger Sagastad-bygget i sjøkanten på Nordfjordeid.