Har ingen planar for skredsikring no

Klokka 08.05 søndag morgon måtte ein bilist stoppe for å fjerne ein stein frå fylkesvegen mellom Måløy og Halnes. Statens vegvesen seier at dei ikkje har nokre umiddelbare planar for vidare skredsikring av vegen.

Ein tipsar måtte fjerne denne steinen frå vegen, rett før 50-sona på Halnes, søndag morgon.  Foto: Privat

Nyheter

– Det blei gjort skredsikring av vegen for nokre år sidan, der det vart reinsa i fjellsida frå Sæternes til Halnes, som har ført til færre nedfall enn det var tidlegare. Det kan skje nedfall på vegane no, særleg når vatnet tiner og fryser på att, seier Vidar Solheim hos Statens vegvesen.