Ønskjer å komme tettare på det maritime miljøet

Maritim Forening Sogn og Fjordane har opna kontor i Odd Fellow-gården nord i Gate 1 i Måløy. Dette gjer dei for å kome tettare på det maritime miljøet i området.

Stig Johnny Eide hos Maritim Forening Sogn og Fjordane er klar for å bistå det maritime miljøet i Måløy og omegn.  Foto: Even Ørjasæter

Nyheter

– Vi har mange medlemmer her, så vi ønskjer å vere tett på og vite kva som skjer med dei. Samstundes er det mykje spennande som skjer i Måløy, med fleire kontrakter til blant andre Skipskompetanse og Selstad, samt det som skjer med ressurssenteret på skulen. Det er eit maritimt miljø i vekst, og derfor er det viktig for oss å vere til stades, fortel Stig Johnny Eide til Fjordenes Tidende.