Sagastad:

– Skipet vart høgare enn forventa

Ein av årsakene til at kostnadane ved Sagastad-prosjektet aukar er at Myklebustskipet vert høgare enn planlagt.

Større båt: Styreleiar Ove Bjørlo i Eid industrihus KF fortel at ein etter å ha gjort porten i Sagastad høgare, har 20 centimeter å gå på når kopien av Myklebustskipet skal inn og ut av bygget. Foto: Marianne S. Rotihaug  Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

– Kopien av Myklebustskipet blir høgare enn kva den opphavlege planen tilsa. Desse opplysningane kom i tolvte time, men vi kan jo ikkje ha eit naust der båten ikkje går inn og ut, seier styreleiar Ove Bjørlo i Eid industrihus KF.