Har valt sin ordførarkandidat

Stad Senterparti er klar med dei fire første kandidatane til kommunevalet 2019.

Betty Hessevik (f.v.) Paul Jacob Helgesen og Gunn Karin Sande utgjer dei tre første plassane på Stad Senterparti si liste til valet i 2019. Foto: privat 

Nyheter

Paul Jacob Helgesen blir Stad Senterparti sin ordførarkandidat. 

– Han er oppvaksen i Selje og no busett på Nordfjordeid, og kjenner difor til heile den nye kommunen. Han har fartstid frå kommunestyret i Selje (2003-2007) og fylkestinget i Sogn og Fjordane (2007-2011).  Han er no klar for den  spanande oppgåva det vil bli å utvikle nye Stad kommune, heiter det i pressemeldinga.

Gunn Karin Sande er andre kandidat på lista. Ho har vore fast medlem kommunestyret i Selje frå 2007-2018, og varaordførar 2011-2015. Inneverande periode er ho på fylkestinget og sit i hovedutvalet for samferdsle.

Betty Hessevik frå Bryggja er tredje kandidat på lista. Ho sit i kommunestyret og formannskap i Vågsøy.  Ståle Sandal er fjerde kandidat. Han er leiar i Eid Senterparti, og sit i kommunestyret og formannskapet i Eid.

– Stad blir ei langstrakt kommune med store avstandar. Senterpartiet si nominasjonsnemd for nye Stad kommune vil sikre ei god liste som har med kandidatar frå alle bygdelag. Vi har mange gode namn på lista, men vi er alltid interessert i å komme i kontakt med nye samfunnsengasjerte personar, seier Sidsel Otnes, leiar i nominasjonsnemnda.

Ho oppfordrar interesserte om å ta kontakt.