Sette stemninga for hausten

Ytre Nordfjord Brass stod for stemningsfull musikk då dei arrangerte sin tradisjonelle haustkonsert i grendehuset på Bryggja denne helga.
Nyheter

– Vi får ofte høyre at vi spelar veldig koseleg musikk, og at det er god stemning på konsertane våre. Slik var det denne gongen også, det blei skikkeleg koseleg hauststemning i grendehuset, fortel leiar i Ytre Nordfjord Brass, Karin Vambeseth.