Varmerekord på Kråkenes

Det har aldri før blitt målt så høge temperaturar på målestasjonen i november.

Det vart ny varmerekord for november i Sogn og Fjordane på Kråkenes fyr torsdag 7. november.  Foto: Janne Weltzien Listhaug

Nyheter

Fønvinden som slo inn over Vestlandet i dag førte til heile 18,8 varmegrader på Kråkenes fyr.

Så høge temperaturar har aldri før blitt målt på denne stasjonen i november, melder Meterologisk institutt.

Det er òg ny fylkesrekord for november, og slo Lærdal sin gamle rekord med 0,1 grader.