Stad skipstunnel:

– No må vi komme eit steg vidare

– No må vi ikkje sette krokfot på dette prosjektet med 30 millionar. Det er det ein treng i statsbudsjettet, seier Ingrid Heggø til Fjordenes Tidende.

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) gler seg over at Ap har funne 30 millionar til Stad skipstunnel i sitt alternative statsbudsjett. Her med Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (t.h.). Arkivfoto 

Nyheter

Arbeidapartiet legg 30 millionar kroner til Stad skipstunnel i sitt alternative budsjett.


Håpar regjeringspartia følgjer opp

Selje-ordføraren gler seg over at KrF legg 30 millioner kroner til Stad skipstunnel i sitt alternative budsjett.

 

– No må vi komme eit steg vidare, så ikkje prosessen stansar opp. Eg er veldig glad for at vi har funne rom til dette i vårt alternative budsjett, seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø til Fjordenes Tidende.

Arbeidarpartiet har stått på for å få Stad Skipstunel på plass i fleire tiår, og stortingsrepresentantane Ingrid Heggø, Else May Botten og Frederic Holen Bjørdal gler seg over lmidlane.


Riggar seg for nye tider med skipstunnel

Pelagia Selje ser store fordelar med den planlagte Stad skipstunnel og har utviklingsplanar knytt til tunnelen.

 

– Stadhavet er i dag eit farleg havstykke som bremsar regulariteten på mange typar frakt til sjøs. Fiskebåtar, fôrbåtar, brønnbåtar og anna  type varetransport vert liggande og vente på gunstige vêrforhold. Det fører til dårlegare prisar og mindre påliteleg transport, seier Heggø.

– Samferdselsdepartementet har spådd stor auke i skipsfarten fram mot 2040, og Stad skipstunnel vil bidra til å auke tryggleiken for alle som trafikkerer Stadhavet, slik at meir gods naturleg kan fraktast med båt i staden for på vegane. Dette vil vere viktig for at Noreg kan nå dei klimamåla som er sett, seier Bjørdal.


Formannskapet:

Overrasket over Hurtigruten sitt skipstunnelutspill

Formannskapet i Vågsøy har registrert Hurtigruten sitt utspill om at de ikke vil bruke Stad skipstunnel i framtida.

 

–  Hurtigbåtruta på kysten er ei viktig transportåre. Stad skipstunnel vil kunne knyte Vestlandet saman på ein heilt ny måte, og vi vil få ein mykje større bu- og arbeidsmarknadsregion frå Ålesund via Ulsteinvik-området til Måløy/Florø. Arbeidarpartiet har lagt inn midlar til at Kystverket no kan ferdigstille planane. No vil vi sjå tunnellen bygd, seier Else May Botten.


Stad skipstunnel:

Trur framleis på byggestart i 2021

Trass i at Hurtigruten har annonsert at dei ikkje vil nytte Stad skipstunnel jobbar prosjektleiaren og samferdsledepartementet med utgangspunkt i byggestart innan to år.