Fekk giganthummar i teina si

Fiskar Harald Gulestøl frå Bremanger fekk ein 83 cm lang og 5,3 kilo tung hummar i teina.
Nyheter

Hummaren, som vart fanga vest for Kalvåg, har klør så store som ein vanleg hummar, har fått namnet Hroar og vil no bli ein turistattraksjon hos Risør Akvarium i Vestfold.

Gulestøl fortel i ein sms til NRK Vestfold at det er den største hummaren han nokonsinne har tatt.

Statskanalen har òg snakka med driftssjef ved Brygga 11, ein sjømatrestaurant i Risør, som fortel at hummaren er stor nok til å kunne mette 20 mann.