Håpar regjeringspartia følgjer opp

Selje-ordføraren gler seg over at KrF legg 30 millioner kroner til Stad skipstunnel i sitt alternative budsjett.

Selje-ordføraren gler seg over at KrF i sitt alternative budsjett legg inn 30 millionar kroner til Stad skipstunnel. Arkivfoto 

Nyheter

–  Vi fekk oss ein kalddusj når KS2 for Stad skipstunnel kom i mai. Makan til rapport skulle ein leite lenge etter.  I haust håpte mange av oss at regjeringa tok affære og likevel løfta den inn i statsbudsjettet. Dessverre skjedde det ikkje og derfor vart dialogen med mitt parti viktig, seier ordførar Stein Robert Osdal (KrF), i ei pressemelding.


Krev at regjeringa legg inn 30 millionar i 2019

I brev til statsministeren og samferdsleministeren krev kommunestyret i Selje at naudsynte midlar vert sett av til Stad skipstunnel i statsbudsjettet.

 

Ordføraren gler seg no over at KrF i sitt alternative budsjett legg inn 30 millionar kroner til oppstartsløyvingar for Stad skipstunnel.

– Går dette gjennom kan Kystverket starte arbeidet med grunninnløysinga i 2019, i 2020 starte arbeidet med kontraktsregimet, og i 2021 vert då den første salva sprengt, seier Osdal.


Stad skipstunnel:

Trur framleis på byggestart i 2021

Trass i at Hurtigruten har annonsert at dei ikkje vil nytte Stad skipstunnel jobbar prosjektleiaren og samferdsledepartementet med utgangspunkt i byggestart innan to år.

 

KrF-ordføraren peikar på at skipstunnelen er eit viiktig prosjekt for heile kysten.

– Trygg farled forbi eit av verdas hardaste havstykke gjev enorme ringverknadar for næringslivet, store miljøgevinstar med meir gods frå veg til kjøl, større transport og bu-, arbeids- og serviceområde for innbyggjarane i regionen. Tunnelen vert og eit trekkplaster i eit reiselivsperspektiv. Håper no regjeringspartia føgljer opp og at vi kan avslutte den endelause utgreiingmarerittet og kome i gang. Sjøfolka har krav på dette prosjektet no, seier ordføraren.