Ser mot Nordfjord

Kragset Eigedomsmekling blir del av Eiendomsmegler Vest og utvidar verksemda i Nordfjord.

F.v. Magne Storheim, regionleiar EM Vest, Hege Kiperberg, Andre Kragset, Regine Nesheim, Anita Arnesen Kragset, dagleg leiar KE, Johnny Kragset, Fagansvarleg KE og Veslemøy Tvedt Fredrikssen, administrerande direktør EM Vest 

Nyheter

– Ved å bli ein del av Eiendomsmegler Vest jobbar vi i eit foretak som tenker på heile Vestlandet og som gjev oss den nødvendige tyngda til å utvide, seier dagleg leiar Anita Arnesen Kragset i Kragset Eigedomsmekling, i ei pressemelding.

Frå 1. januar 2019 endrar Kragset Eigedomsmekling navn til Eiendomsmegler Vest. Dei vil fortsatt halde til i «Gamlebanken» sentralt i Volda, men utvider også sørover.

Selskapet feira nylig ti års drift. I dag har dei seks tilsette, ein marknadsandel i Volda på 70 prosent og i Ørsta på 40 prosent. 

– Etter ti år i Volda sett vi oss nye mål og legg lista høgare. E39 Kvivsvegen med halvert reisetid har gitt oss nye moglegheiter. Vi har lenge sett på ei anledning til å gjere meir i Nordfjord, seier eigedomsmeklar Johnny Kragset.

Eiendomsmegler Vest er eigd av Sparebanken Vest og har 22 salskontor i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Avtalen om å kjøpe Kragset Eigedomsmekling blei klar i haust og trer i kraft frå 1. januar 2019.

– Vi er stolte over å få dei dyktige medarbeidarane i Kragset Eigedomsmekling med på laget, seier regionleiar Magne Storheim i Eiendomsmegler Vest.

Dei har sett eit stort behov for meklarkompetanse i Nordfjord, der Sparebanken Vest er godt etablert.

– Kragset Eigedomsmekling har ein uvanleg god kompetanse som gjer at vi kan ta eit kvantesprang inn på eit nytt marknadsområde. Vi er imponerte over Kragset sitt brennande engasjement for lokalsamfunnet. Den haldninga passar veldig godt med Eiendomsmegler Vest, seier Magne Storheim.