Vann årets klimapris

Flora kommunes utviklingsprosjekt, ein utsleppsfri hurtigbåt drive på hydrogen, vann Årets klimapris på Zero-konferansen onsdag.

Plansjef Anders Espeseth og varaordførar Jan Henrik Nygård (V) tok imot prisen på vegner av Flora kommune. Foto: Zero 

Nyheter

Plansjef Anders Espeseth og varaordførar Jan Henrik Nygård (V) tok imot prisen på vegner av Flora kommune.

– Som initiativtakar til prosjektet var det svært hyggeleg å få prisen, og ei stadfesting på at vi er på rett veg. Vi har lagt vekt på godt samarbeid mellom kommune, fylke, lokalt næringsliv og verkemiddelapparatet. No må vi ta dette vidare mot realisering, noko som vil vere viktig for Sogn og Fjordane og eit viktig bidrag i den globale klimakampen, seier Nygård til Fjordenes Tidende.