Viser fram forsking ved hjelp av Lego

Lag frå Vågsøy ungdomsskole og Davik oppvekst er klare til å gje jarnet under fylkesfinalen i First Lego League i Operahuset Nordfjord i helga.

Laget frå Vågsøy kallar seg MASA, som er ei forkorting av «Måløy Agentsy Space Administration». Dei er ei valfagsklasse som består av 19 elevar, 6 jenter og 13 gutar.   Foto: Privat

Nyheter

Under teknologikonkurransen First Lego League skal elevar på niande trinnet konkurrere i realfag, mellom anna ved hjelp av Lego. I år er temaet «Into Orbit», altså verdsrommet, der dei skal komme opp med løysingar på problem som astronautar kan støte på.

Elevane ved Vågsøy ungdomsskole (VUS) har jobba med prosjektet i nokre månader allereie.

– Vi starta arbeidet med førebuingane rett etter skulestart, og jobba med å sortere lego og bygge robotar kvar torsdag, fortel Martine Otneim frå MASA, som gruppa kallar seg.

Ho fortel vidare at dei ikkje fekk vite sjølve oppdraget før i september, men at dei no har kome fram til éin robot som er samansett av fleire.

– Vi har førebudd oss på å køyre bana roboten skal køyre og å gjere oppdrag. Heile gruppa har gitt alt, seier ho.

Oppgåva er tredelt, og i tillegg til robotkøyring, skal elevane også presentere eit forskingsprosjekt, samt vise korleis dei marknadsfører det.

Kva VUS skal presentere i forskingsoppgåva si vil dei derimot ikkje røpe for mange detaljar om så tidleg.

– Vi kan seie så mykje som at vi har forska på korleis ein kan gjenvinne søppel i verdsrommet. No for tida fokuserer ein mykje på søppel i havet, og vi tenkjer at det er vel så viktig med fokus på søppel i verdsrommet, seier Otneim.

Laget frå Davik oppvekst kallar seg for «Kometkameratane». Dei er ei klasse på 16 elevar frå niande trinnet. Dei skal presentere ei oppfinning som vil gjere det lettare for astronautar å handtere balanseproblem når dei er i verdsrommet.  Foto: Privat

 

– Krevjande tema

Kometkameratane frå Davik fortel at verdsrommet har vore eit krevjande tema.

– Tidlegare emne har handla om ting ein veit noko om, som søppel, steinras og vatn. Utfordringa her er at ingen av oss har vore i verdsrommet, seier Martin André Førde, som fortel at dei har jobba med utgangspunkt i å gjere kvardagen til astronautane enklare.

– Mange astronautar slit med balansen i rommet. Dette kan gjere at dei mellom anna kastar opp. Vi har derfor funne opp ein mikrokapsel som kan plasserast i balanseorganet. Den heiter Stratera Custos som tyder «Balansevaktar» på latin. Den kan òg nyttast her på landjorda for å behandle folk med krystallsjuke og Meniere's sjukdom, fortel han.

– Vi håpar at så mange som mogleg tek turen til operahuset for å høyre meir om dette.


Set størst pris på det gode vennskapet

Med godt samhald og løysinga om å gjere saltvatn til ferskvatn fortsette elevane frå Davik sigersrekkja i First Lego League.



Bildeserie:

Overbeviste juryen i første forsøk

Under First Lego League på Nordfjordeid i dag tok Bremanger-laga tre av seks prisar.

 

Mange lag skal kjempe om siger

Eid vidaregåande skule står for fylkesfinalen i årets First Lego League som går av stabelen i operahuset laurdag. I år er temaet verdsrommet.

Laurdag 10. november vil elevar frå Davik oppvekst, Vågsøy ungdomsskule, Eid ungdomsskule, Farnes skule frå Øvre Årdal, Tangen skule frå Øvre Årdal, Svelgen oppvekst, Ørsta ungdomsskule, Volda legoklubb, Volda ungdomsskule og Hornindal skule presentere ideane sine om løysingar til problem i verdsrommet.

Prosjektleiar Ove Lillestøl fortel at First Lego League er eit ledd i rekrutteringa til realfag og yrkesfag.

– Tanken er at det skal vere moro og lærerikt, men òg litt alvorleg, seier han, og legg til:

– Her møter elevane matematikk, naturfag og teknologi på ein spennande måte, og forhåpentlegvis auka interessa for realfag og yrkesfag, noko som er viktig for heile regionen vår, seier Lillestøl.

Dei har fått med seg dommarar frå det lokale næringslivet, kommunen og den vidaregåande skulen.