Opnar tunnelen til jul

Det blir offisiell opning av Strandanipatunnelen tysdag 18. desember.
Nyheter

Fylkesordførar Jenny Følling vil klippe snora på fv. 633 til Honningsvågen ved Stad.

– Det er gledeleg at vi endeleg får på plass ein tunnel på den skredutsette strekninga mellom Halsen og Gattneset. Eg ser veldig fram til opninga av vegen, seier fylkesordføraren.


Er i rute med tunnelen:

– Betyr at bygda har ei framtid

I Honningsvåg er folk letta over at vegen til bygda er i ferd med å bli trygg når Strandanipatunnelen er i rute til å bli klar før jul.

 

Seremonien blir den siste vegopninga i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune, før overgangen til Vestland fylkeskommune.

Elektroarbeidet i tunnelen var ferdig i slutten av oktober, og lys og naudsystem er kopla inn. Tunnelen er knytt opp mot Vegtrafikksentralen sine styringssystem, og den er no i ein testfase før endeleg godkjenning. Dette må på plass før ein kan setje trafikk i tunnelen.

Sist veke kom rekkverk på plass, og det pågår planering av sideterreng langs vegen og tilstelling av deponi. Siste rest av asfalt vart lagt denne veka, og det vart støypt betongrekkverk ved tunnelen.

– Vi ligg fint i rute til opning 18. desember, og det kan bli sett på trafikk i tunnelen noko før sjølve opninga, dersom alt det tekniske fungerer slik det skal, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Statens vegvesen.

Strandanipatunnelen er 595 meter lang og sikrar eit rasfarleg parti på fv. 633 ute ved Stadhavet. Det tok rundt rundt seks månader å bore og sprenge seg igjennom berget, og gjennomslaget var midt i mai.

YIT Norge AS har stått for tunneledrivinga, medan Volda Maskin har teke utlasting av steinmassar og bygging av veg og deponi i dagsona. Kraftmontasje AS har montert det elektriske utstyret i tunnelen.