Vil ha skatten på eigedom heilt vekk

Åge Starheim og råd for eldre og funksjonshemma vil ha vekk eigedomsskatten i Selje. Anfinn Sjåstad og Frp vil ta kampen.

– Urimeleg: Leiar i råd for eldre og funksjonshemma, Åge Starheim, meiner eigedomsskatten er urimeleg. Rådet ber politikarane fjerne den heilt. Anfinn Sjåstad (Frp) vil også fjerne eller redusere eigedomsskatten, og vil jobbe for dette i budsjettbehandlinga. Arkivfoto: Janne Weltzien Listhaug 

Nyheter

– Vi meiner at det er ein heilt urimeleg skatt som blir lagt på innbyggjarane. Vi har hatt mange førespurnader frå eldre og funksjonshemma, som meiner dei har vanskar med å klare utgiftene sine. Der spelar eigedomsskatt ein vesentleg del og det blir mykje for den enkelte, seier Åge Starheim, leiar for råd for eldre og funksjonshemma i Selje.