Sikra fleirtal for tunnelmillionar

Tysdag kveld vart det kjent at Kristeleg Folkeparti i budsjettforhandlingane med regjeringspartia Venstre, Høgre og Fremstegspartiet har blitt samde om å løyve 20 millionar kroner til oppstart av Stad skipstunnel.
Nyheter

- Dette er veldig positivt, seier ein glad ordførar i Selje, Stein Robert Osdal

- Stad skipstunnel har livets rett. Dette prosjektet har norgesrekord i utgreiingar og det er vel dokumentert kor stor samfunnsnytte skipstunnelen har. Dagens vedtak er eit resultat av at eit samla næringsliv på Vestlandet støtta prosjektet og har vert eit unisont politisk trykk frå Vestlandet for å få dette igjennom, skriv Osdal i ei pressemelding tysdag kveld.

Osdal peikar på at denne tunnelen vil gje store ringverknadar lokalt og regionalt.

  • Betre tryggleik for sjøfarande og betre regularitet
  • Større satsing på miljøvenleg transport sjøvegen
  • Større bu og arbeidsområde og Nordfjord vert tettare knytt til Sunnmøre/Ålesund
  • Stad skipstunnel vil verte ein internasjonal turistattraksjon.

Osdal er glad for at KrF tok den ballen og fekk igjennom ei god løysing med regjeringspartia i dag.

- Men vi er ikkje i mål. Vi må sikre vidare framdrift på dette prosjektet. Prosjektet må gå som kystverket har planlagt med byggestart i 2021 og vi vil ikkje gje oss før det er hol i fjellet, seier Osdal.

Og ikkje minst så må forslaget til budsjett bli godkjent i dei fire partia som forhandlar om regjeringssamarbeid og budsjett for 2019.