Likestilt:

Har som mål å stille opp for klubben i 20 år til

Tove Lill Refvik Volle, som i over 20 år har bidratt i lokalfotballen, var nyleg del av kåringa av «Årets fotballmamma» i Norge. – Eg håpar helsa held så eg kan vere med i 20 år til, seier ho.

Tove Lill Refvik Volle har lagt ned tallause dugnadstimar i Tornado Måløy fotballklubb, og for dette vart ho nominert i OBOS-kåringa «Årets fotballmamma». – Eg ser ikkje på det som ein jobb, meir ein hobby. Det er aldri eit ork å reise på stadion, det er eit større ork når eg ikkje kan vere der, seier 47-åringen. No håpar raudebergaren at ho kan vere med og bidra mellom anna med kioskdrift og gjennomføring av Sparebanken Vest cup i mange år til.  Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

Nominasjonen til «Årets fotballmamma» var noko som kom overraskande på Volle, men ho understrekar at ho ikkje er aleine om å gjere ein innsats.

– Dette er ikkje ein nominasjon som tilhøyrer meg. Den er til oss alle saman. Det er utruleg mange fantastiske foreldre i klubben, seier Volle.