Vil overføre SFE-aksjar til kommunane

Fylkesrådmannen meiner at å overføre aksjane i Sogn og Fjordane Energi til kommunane er den beste måten å sikre at verdiane i selskapet blir verande i dagens fylke, sjølv etter samanslåinga med Hordaland.

  Foto: Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Nyheter

Det melder Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Fylkestinget vedtok i desember 2016 at fylkesrådmannen skulle «arbeide vidare med å sikre at dei verdiane som ligg i den fylkeskommunale eigarskapen i SFE-konsernet kan bli verande i Sogn og Fjordane.» Intensjonsplanen for samanslåinga mellom Hordaland og Sogn og Fjordane, som vart underteikna i januar 2017, gjev Sogn og Fjordane høve til å la dei særeigne formueverdiane sine «bli haldne utanfor regionetableringa i 2020».

Med bistand frå advokatfirmaet Lund & Co har fylkesrådmannen greidd ut ulike alternativ for å sikre at verdiane blir haldne i fylket. Fylkesrådmannen konkluderer med at det beste alternativet er å overføre aksjar til kommunane i Sogn og Fjordane.

Dette er same modell som er nytta i Nord-Trøndelag og i Buskerud. I begge desse fylkeskommunane har ein overført alle aksjane i dei fylkeskommunale kraftselskapa til kommunane i fylka før fylkessamanslåingane.

Ventar på rettskraftig dom

Sogn og Fjordane Holding (SFH), som er heileigd av fylkeskommunen, eig i dag 49,51 % av aksjane i SFE. BKK AS er den andre store eigaren med 36,80 prosent. Sogn og Fjordane tingrett avgjorde 12. oktober 2018 at Sogn og Fjordane fylkeskommune kan overføre inntil 80 % av sine aksjar i SFH til kommunane utan at dette utløyser forkjøpsrett for BKK. BKK har anka dommen.

Fylkesrådmannen tilrår at fylkestinget gir uttrykk for ein hensikt om å overføre inntil 80 % av fylkeskommunen sine aksjar i SF Holding til kommunane i Sogn og Fjordane, innanfor rammene av ein rettskraftig dom i søksmålet mot BKK. Føresetnaden for fylkestinget sitt seinare vedtak om overføring er at fylkeskommunen får medhald i søksmålet og at overføringa såleis ikkje utløyser forkjøpsrett.

Fylkesrådmannen legg opp til at fylkestinget seinare (2019) tek stilling til i kva grad aksjane i SF Holding skal overførast til kommunane og fordelinga mellom kommunane.


Fylkeskommunen vann sak om forkjøpsrett i tingretten

Sogn og Fjordane tingrett har slått fast at fylkeskommunen kan overdra aksjar i SFE til kommunane i Sogn og Fjordane utan at dette vil utløyse forkjøpsrett for BKK, melder Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.