Sjå bilde frå opninga:

Har plass til å utvide næringsparken endå meir

Med opninga av Iglandsvik Næringspark samlar Havstjerna Eigedom no tolv arbeidsplassar i dei flunkande nye lokala i gamle Bremanger fryseri. Mange hadde møtt opp til opninga.
Nyheter

– Vi håpar at den investeringa vi gjer no fører til at vi kan få endå meir aktivitet på andre plan. No blir det tolv arbeidsplassar her, og vi håpar på fleire. Vi har fleire tusen kvadratmeter vi kan fortsette å utvikle, seier dagleg leiar og skipper på MS Grotle, Tonny Grotle.

Millioninvestering

Torsdag hadde dei fleste av leigetakarane flytta inn på kontora i det gamle fryseriet bygd i 1957. Fram til Havstjerna tok over eigedomen i 2016 og pussa opp, hadde lokala stått tomme sidan 2006.