Vil kjøpe seg meir tid før eventuelt kjøp

Formannskapet tilrår ikkje å kjøpe kommunehuset i Selje – i alle fall ikkje før om tre år.

Formannskapet gjekk for at det skal forhandlast fram ny leigeavtale av kommunehuset i Selje, med opsjon på kjøp innan tre år, i tillegg til å greie ut mogleg samlokalisering med andre etasje av Coop-bygget vegg i vegg.  Foto: Janne Weltzien Listhaug

Nyheter

Varaordførar Jan Vidar Smenes (Tvp) etterlyste kostnadskalkyle på å eige huset, sett opp mot å leige det, i tillegg til ei kartlegging av framtidige behov og utbetringar.