Vil starte eigen skule

Kolset krins utviklingslag, ved leiar Espen Gulliksen, har sende eit ope brev til politikarane i Bremanger. Der skriv dei at ønsker å starte Montessoriskule i bygda.

Espen Gulliksen og Kolset krins utviklingslag ønsker å starte friskule i bygda. Her med Merete Kolseth frå Leirgulen idrettslag då siste finish var lagt på det nye nærmiljøanlegget ved skulen. Foto: Siri Kolseth  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

Her kan du lese heile brevet, som også er ein uttale til Bremanger kommune sitt budsjett 2019:

I siste kommunestyremøte handsama kommunestyret økonomirapport 2018 og økonomiplan for dei komande år. Der vedtok dei økonomiplanen med den konsekvens at Kolset skule ikkje vert drifta frå hausten 2019. Det er også foreslått i budsjettet at Kolset skule vert teken ut frå hausten 2019.

Kolset Oppvekst er livsnerven i bygda vår, og den inneheld både ein god skule og ein god barnehage. Skulen har vore truga av nedlegging jamnleg dei siste 15 – 20 åra, sjølv om elevtalet til tider har vore det tredoble av kva det er no. Den er i dag den minste skulen i Bremanger målt i tal elevar, men er også den einaste skulen i kommunen med positive tal i elevtalsframskrivinga for dei neste fem åra.  Det står papira dykkar.

Bygdane i Kolset krins har dei siste 8 – 10 åra opplevd ein folketalsauke, og det er det ikkje mange bygder i kommuna vår som kan vise til. Vi har derimot ikkje fått dei tilbakeflytta ungdomane og andre til å produsere skuleungar enda, men i år vart det født fire barn, og det er varsla at fleir er på veg.

Foreldra til dei skuleelevane frå Kolset som skal gå på barneskulen frå hausten 2019, og forleldra til barnehagebarna er udelt i synet på at skulen må få leve. Vi finn det lite tenleg å leggje ned ein skule mot brukaranes vilje. Hugs at det er folket dere som politikarar skal tene!


Argumentasjon

Å leggje ned ein skule med økonomiske argument er ikkje lov jamfør opplæringslova. Vi veit at fleire politikarar vil bruke andre argument også som talar for ein nedleggjing av skulen, men disse er vi ikkje einige i. Vi har ein god skule i nærmiljøet der ungane får ein god lærdom sjølv om den nokre år no ser ut til å vere udelt. Med eit lite elevtal får ungane ein mer individuell oppfølging, dei vert meir synlege for skulens ansatte, og eventuelle problem kan takast tak i på eit tidleg tidspunkt.

Argument som at det vert eit lite fagmiljø det er vanskelig å rekruttere kompetanse til, talar i mot seg sjølve når dei same politikarane argumenterer for å halde på ein helsestasjon i ytre Bremanger stikk i strid med fagmiljøets eigne tilrådingar. Vi skal ikkje tale i mot ein helsestasjon i ytre Bremanger, for den vil vi gjerne halde på, men vi vil her kun påpeike at eit slikt argument ikkje held mål.

Ein annan ting er at det er politikarane som bestemmer kva slag aktivitet det skal vere på Kolset skule. Er fagmiljøet lite, so kan ein her leggje kulturskulen til Kolset. Då ville ein fått ein vinn-vinn-vinn-situasjon.

1. Ein ville spart seg 3 millionar kroner på den planlagte opprustinga av kulturskulen i Bremanger på Hauge.

2. Kulturskulen vil vere nærare eit større tal elevar i Bremanger då det vert kortare veg for elevar frå Svelgen, Kolset, Davik og Ålfoten.

3. Fagmiljøet på Kolset kan verte attraktivt nok til å rekruttere kompetanse.

Ungane på Kolset er aktive innafor skulens musikkorps, musikkverkstaden vår, barnetrimmen, og har dei seinare åra vert køyrd til nabobygdane for å drive lagidrett no som barnetalet har vore lite. Dei har ein god sosial plattform sjølv om dei er få, og dei har vener også i nabobygdane. Spørsmålet er om politikarane no vil at dei skal sendes åleine med bussen utan tilsyn av andre enn dei som er satt til å køyre bussen. Dette i tillegg til den køyringa de må til med på ettermiddagane når dei skal drive lagidrett.

Fagleg står ikkje Bremangerskulene tilbake for nokon. Dei siste 10 – 15 åra har skulane i Bremanger låge jamt blant dei ti beste på nasjonale prøvar. Og vi har kun små skular i Bremanger.


Spørsmål til adminstrasjonens reknestykke

I framlegget til budsjett er det rekna at ein vil spare 1 million kronar for 2019 på å leggje ned Kolset skule. Barnehagen skal drives vidare, og det vil vel også seie at bygget skal vere i kommunens eige. Det er for øvrig også eit grendahus.

Huset er meir enn ein skule, og skal det drives vidare utan skule med den aktiviteten det har i dag, med møter, seminarar, barnehage, øvingar og anna, so må nokon uansett drive det. Korleis har kommunen tenkt å løyse dette? Og kva vil dette koste samanlikna med dagens kostnadar? Slik vi ser det kan det ikkje vere mykje å spare.

Skulen og barnehagen har i dag personell som nyttast på begge, og drar der ein økonomisk fordel ut av ei slik organisering. Vidare vert det hevda at skulen i dag vert belasta for meir enn 2/3 av felleskostandane til skule og barnehage. Vert de reelle innsparingane ved nedleggjing av skulen då så mykje som 1 million kroner når barnehagen faktisk skal oppretthaldas?

Og er det i administrasjonen teke omsyn til at ein delt skuleskyss vert dyrare enn den skuleskyssen vi har i dag?


Forslag til inndekning

No er det ikkje eit bygdeutviklingslag si oppgåve å finne inndekning i eit budsjett for å forsvare drifta på ein skule. Men når politikarane ikkje klarar å flytte pengar frå ein post til ein annan, so tillet vi oss å kome med forslag. Vi formodar at det ikkje er politikaranes vilje det står på.

Vi har allerede nemnd sparte investeringar ved å leggje kulturskulen til Kolset. Renter av ein slik investering vil sparast på dei neste åras driftsbudsjett so lenge lånet løper. Det er kanskje ikkje so mykje, men alle monnar drar.

Vidare ser ein i økonomirapporten for 2018 at fleire tenesteområde har eit overforbruk i høve til opprinneleg budsjett som er mykje høgare en oppvekstsektorens stipulerte eine million. Helse og omsorg til dømes har prognoser for 2018 som er 7 millionar høgare enn opprinnelig budsjett, og lønas på 2019-budsjettet med deflator på prognosane. Dette overforbruket tilsvarer kr. 2000,- pr. innbyggjar i Bremanger kommune, og er det same som kommunen betaler for vikarar i løpet av eit år. På dette området er det dokumentert at Bremanger kommune er nr. 10 blant landets kommunar når det gjeld å bruke mest pengar på vikarar. Sjukefråværet er høgt, og ein stiller her spørsmål om kva som er gjort for å få ned vikarutgiftane. Nokre andre kommunar har spart mykje ved å danne felles vikarpoolar. Det kan vere eit innsparingpotensiale.

Ein annen moglegheit er å snu fokus på rekrutteringsarbeidet i kommunen til å jobbe med å få vikarane, som ofte kjem frå øst-Europa, ansatt i faste stillingar der vi saknar folk og kompetanse. Vi kunne ha meir enn nok å friste med med tanke på høg levestandard, bruke litt på å lokke med å leige bustad for dei og familien i eit år, og få att dette gjennom auka skatteinntekter og tilflytting. Akkurat no har vi ledige husvære for utleige mellom anna i bygdane i vår krins.

Teknisk etat trur vi har eit overforbruk på 2,5 millionar i høve til opprinneleg budsjett. Heller ikkje her bør ein auke budsjettet når det står om å halde på ein skule. Bulyst er eit satsingsområde for Bremanger kommune, og då må ein skule i nærmiljøet vere veldig viktig.

På administrasjonssida er det no kommunalsjef skule 1 og 2, snart kommunalsjef helse og omsorg 1 og 2 hvis vi ikkje tar heilt feil, kommunalsjef plan og utvikling, teknisk sjef drift og teknisk sjef bygg. På dei 10 siste åra trur vi det har vore ei markant auke i leiarstillingar i administrasjonen til tross for at ein stadig får færre skular og innbyggjarar å tene. Vi tar her eit varsamt atterhald om feil, men dette kan kanskje administrasjonen seie nok om.

Montesorri

Etter å ha levd med eit press på skulen i mange år, er bygdefolket og foreldra til elevar og barnehagebarn på Kolset slitne. Vi ynskjer ikkje lenger å ha nedleggjingsspøkelset hengande over oss. Vi føler det som at vi vert motarbeida når vi arbeidar hardt med å rekruttere nye innbyggjarar til bygdane våre. Til tross for dette kan vi faktisk vise til vekst!

Barnetalet i bygdane våre har i alle år svingt, og det vil det forsette å gjere. No er vi derimot so nær ein nedleggjing som vi aldri har vore fordi politikarane viser vilje til at det er slik dei vil ha det. Nylig tok vi derfor kontakt med Montesorriskulen i Kjølsdalen, og fekk dei over på besøk for å få ein orientering. Alle foreldre til barn i skule og barnehage, og bygdeutviklingslaget vart invitert.

Etter dette møtet vart det bestemt at bygda skipar eit selskap som søkar om å få friskule på Kolset. Dette betyr at skulen då ikkje lenger vert drifta av kommunen, og heller ikkje lenger vert ein utgiftspost på kommunens budsjett. Skipingsmøtet for Kolset Montesorriskule vert halde på Kolset Oppvekst 12.12.2018.

Friskular drives for 85% av elevtilskotet som kommunane mottek i rammeoverføringane. Dei resterande 15% er meint å gå til skuleskyss. Dette fordi ein friskule er open å søke på for alle dei som vil gå der uansett kor i kommunen dei bur, og dei har då rett til gratis skuleskyss.

Søknadsfristen til Utdanningsdirektoratet er 1.februar. Det vert rekna opptil eit års handsamingstid før ein kan få eit klart svar om ein får Montesorriskule på Kolset eller ikkje. Ein Montesorriskule på Kolset kan derfor ikkje vere ein realitet før skulestart 2020. Vi ber no politikarane om at kommunen får drive skule vår fram til då, altså nok eit skuleår, skuleåret 2019/2020.

Om ikkje politikarane kan la skulen leve eit år i påvente av mogleg Montesorriskule, so forventar vi allikevel at politikarane lar den leve om vi har nådd minstetalet på 13 elevar til skulestart 2019.