Fekk tre prikkar og måtte ut med 6.400 kroner

Illustrasjonsfoto: Erling Wåge 

Nyheter

Utrykkingspolitiet hadde trafikkontroll i 80-sonen på Rv 15 på Totland i Vågsøy kommune laurdag.

Seks bilførarar vart stansa for å ha brote fartsgrensa.

Høgste fart var 103 kilometer i timen. Føraren av denne bilen må ut med 6.400 kroner og fekk tre prikkar i førarkortet.