Flest ville lese om berging av vogntog

Berginga av vogntoget som køyrde utfor vegen på fv. 616 måndag var det som engasjerte lesarane på fjt.no mest denne veka.

Vogntoget som hamna utfor vegen på fylkesveg 616 var det som engasjerte lesarane av fjt.no mest i veka som gjekk.  Foto: Kjell Aga Ulvestad

Nyheter

Eit vogntog fekk problem på den glatte og smale vegen mellom Smørhamn og Vågane og hamna utfor vegen. Vegen vart delvis sperra i fleire timar. Du kan lese heile saka her.

Les leiaren her:

Mange ville òg lese om kvinna som vart påkøyrd utanfor Måløy Brygge onsdag ettermiddag.

Vidare finn vi den opprinnelege saka om vogntoget som hamna utfor vegen på fv. 616.

Vêret har òg vore populært hos lesarane, der meldinga om eit hissig lågtrykk som ville bringe med seg vindkast opp mot 40 meter per sekund vart mest lest.

Til sist av dei fem mest leste sakene denne veka, finn vi saka om ein mann som vart sendt til sjukehus etter å ha blitt slått ned i Svelgen natt til laurdag.