Sette ny rekord i julestallen

Årets Jul i Stallen var ein stor suksess for Fjordane folkehøgskule. Siri Endal fortel at dei aldri har fått inn så mykje pengar før.

Jul i Stallen har blitt ein tradisjon, og arrangørane lovar at det blir stelt til i stallen også neste år. Her Siri Endal, lærar ved Fjordane folkehøgskule (f.h.), elev Ola Olsen Johannessen som speler nissen i showet, Annika Hembre Skårhaug frå Nordfjordeid sit på hesteryggen og elev Lisbet Mona Mæhlum. Alle foto: Siri Kolseth 

Nyheter

– Vi fekk inn over 80.000 kroner, noko som er ny innsamlingsrekord, det er vi kjempeglade for, fortel Endal til Fjordenes Tidende, og legg til at det kom bra med folk.

– Vi er kjempefornøgde med arrangementet i år. Eg er ikkje sikker på tala, men det var fleire hundre personar innom i løpet av helga, seier ho.