Slik kan det nye leikeområdet bli sjåande ut

Stårheim IL planlegg eit nytt nærmiljøanlegg ved skulen i bygda. Anlegget er kostnadsrekna til fem millionar og arbeidsgruppa har planar om å sette spaden i jorda over jul.

Arbeidsgruppa har fått laga illustrasjonar av korleis det nye anlegget på Stårheim skule skal sjå ut. Her blir det mellom anna løpebane (i framkant på illustrasjonen), ein multifunksjonsbinge (t.v.), tre trampolinar, sklie, hinderløype, kanonballbane (t.h.) og klatrepark. Området skal lysast opp med eit nytt lysanlegg, og arbeidsgruppa vil også få opp ein paviljong. Illustrasjon: Uniqa  Foto: Uniqa

Nyheter

– Uteområdet ved skulen er ikkje all verda slik det er i dag. Anten må det vere slik som det er, eller så måtte vi gjere noko no, fortel Asgeir Heimdal Reksnes, som utgjer arbeidsgruppa saman med Astrid Grete Torheim, Mariann Vereide Botn, Leif Rune Vonheim og rektor Gro Iren Nedreberg ved Stårheim skule.

Gruppa har vore i kontakt med kommunen og fylkeskommunen, og planane har vore innom skulen, elevrådet, lærarar og bygdelaget. Resultatet er eit anlegg med fleire element som skal plasserast på grusplassen utanfor skulen, som vender ned mot riksveg 15.