Gir 500.000 kroner til digitalt utstyr ved skulen

Høgre, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet vil gi 500.000 kroner til digitalt utstyr på Nordfjordeid skule.

H, V, KrF og Frp vil gje 500.000 kroner til digitalt utstyr på Nordfjordeid skule i sitt budsjett. Her f.v. Tore Hjelle (H), Arild Nøstdal (V), Knut Tore Nes Hjelle (V), Kirsti Ohrvik Olsen (V) og Lars-Svein Drabløs (Frp).  Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

– Det er heilt klart at barneskulen er under press. Vi har fått fleire tilbakemeldingar om behovet for utbetringar på uteområdet, og i tillegg har skulen spelt inn eit behov for investeringar på digitalt utstyr, seier gruppeleiar Arild Nøstdal (V).


– Vi kan ikkje etterlate eit konkursbu

Sigurd Reksnes (Sp) og resten av opposisjonen i Eid leverte inn eit alternativt budsjett med eigedomsskatt på næring, bruk og verk. Forslaget var stemt ned av Høgre, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet.

 

Skulen bad om 1,3 millionar kroner til dette formålet, og posisjonen har lagt inn 500.000 til dette i sitt budsjett.