Jul i Måløy:

Vil gi vekk stemning i ventetida

Denne saka stod på trykk i Fjordenes Tidende sitt eige julemagasin, Jul i Måløy.

Forventningar: Per Arne Lefdal (bak f.v.), Ronny Hopland, Erlend Svoren (framme f.v.), Bente Jørgensen og Amund Gotteberg håpar mange legg årets julehandel til Måløy sentrum.   Foto: Benedikte Flataker

Nyheter

Med eigen julekalender full av gåver og ei tradisjonsrik julegate håpar Måløy Handelsforening å skape ein triveleg desember for både innbyggjarar og handelsstand.

– Vi skal trekke vinnarar av kalendergåve kvar handledag fram til julaftan, og alle som har handla i sentrumsbutikkane i løpet av dagen er med i trekkinga, seier Bente Jørgensen i Måløy Handelsforening.

Gåvene i julekalenderen er det butikkane i sentrum som står for.

– Alle som handlar her får fylle ut eit skjema dei kan legge i ei av dei tre postkassene vi har sett opp rundt i sentrum. Kvar kveld etter stengetid tømmer vi postkassene og trekk ein vinnar av dagens gåve, fortel ho.

Det at dei lanserer ein slik gåvekalender i førjulstida er ikkje tilfeldig.

– Vi jobbar for å skape eit miljø rundt butikkane og sentrum, for at folk skal ønske å komme hit.

Julekalenderen vert ein kjekk måte å vise fram butikkane på. Kva som skjuler seg bak kalenderluka neste dag vert lansert kvelden før.

– Så om folk ønsker seg denne premien, så veit dei at dei må ut og handle dagen etter, smiler ho.

Ho oppmodar folk til å nytte seg både av julekalenderen og dei lokale butikkane.

– Julehandelen er viktig for butikkane, spesielt på ein så liten stad som her. Og vil vi ha lokale butikkar, så må vi bruke dei også. Her er utruleg mykje fint å finne, og Måløy er ein flott stad å handle på.

Jørgensen viser til den tradisjonelle julegata med lys og 80 små juletre som blei opna 22. november.

– Det er veldig kjekt at næringslivet, huseigarane, butikkeigarane og kommunen har støtta opp om pyntinga. Eg trur vi kan seie at vi har fylket si koselegaste julegate, og det er vi stolte av. Vi ønskjer jo at folk skal synest det er triveleg å vere her og handle. Tilbakemeldingane er veldig fine, og vi veit mange set pris på julegata. Det vert lyst og fint, og gjev rom for å slappe litt av i førjulstida, fastslår ho.

13. desember inviterer handelsforeininga nok ein gong til luciatog i sentrum.

– I år som i fjor er alle barnehagane og småskulane i Vågsøy invitert, og vi håpar at flest mogleg vert med og lyser opp gata litt ekstra den dagen, seier Jørgensen.

– Det vert ein festdag med song og musikk frå barneskule- og barnehageborn og utdeling av lussekattar sponsa av næringslivet. Alt ligg til rette for ein magisk ettermiddag, og får vi litt snø vert det heilt perfekt.

I løpet av desember vert det også korsong og utdeling av gløgg og peparkaker i sentrum i regi av handelsforeininga.

Les heile Jul i Måløy her.