Får fylkesmillionar:

– No kan vi gå i gang med å skape eit marint forskingssenter

Måløy Marine Ressurssenter er innvilga 15 millionar kroner i tilskot frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Nyheter

– Vi er svært fornøgde, og vil berømme fylkespolitikarane våre, som samrøystes har valt å støtte Måløy Marine Ressurssenter (MMR) med eit eingongsbeløp på 15 millioner kroner. Fylkestinget føl med dette opp næringslivet sitt samla initiativ for å skape eit marint forskingssenter, og forme framtida sitt marine næringsliv i Sogn og Fjordane, heiter det i ei pressemelding frå stiftinga Måløy Marine Ressurssenter.

Dei viser vidare til at etableringa av MMR samsvarar godt med Sogn og Fjordane fylkeskommune si verdiskapingsplan og strategisk plan for kysten, og dei nasjonale strategiane for satsingar på havnæringane.