Trafikkulukke:

– Svært glatt på staden

Nyheter

Politiet melder klokka 08 torsdag morgon at det har vore ei trafikkulukke i Svelgen i Bremanger.

Det er ein bil og ein person som har vore involvert i uhellet som skjedde ved Risesvingen.

– Det er svært glatt på staden, opplyser Vest politidistrikt.

Det skal ikkje vere snakk om alvorleg personskade.