Håper millionrenovering skjer snarast

Verken i budsjettforslaget frå rådmannen eller i Ap sitt alternative budsjett er 50 millionar til renoveringa av Skram skole prioritert. Foreldra kan ikkje nok ein gong stå på sidelinja og sjå på at ungane deira ved nedprioriterte.

– Dette påverkar mange born og vaksne, seier Marit Otneim (i front) og Helene Larsen Silden (t.h.). Dei håpar på snarleg renovering av skulen. Foto: Janne Weltzien Listhaug 

Nyheter

– Politikarane må forstå alvoret. Skram skole er den største barneskulen i kommunen. Det går fleire barn på Skram enn på Raudeberg og Skavøypoll til saman. Det er snakk om rundt halvparten av alle barna i kommunen. Dei fortener ein pussa opp og funksjonell skule, seier leiar i FAU ved Skram skole Marit Otneim.