Opnar skitrekket denne helga

Harpefossen skisenter har fått mellom 20 og 25 centimeter snø dei siste dagane. Dette fører til at dei kan opne skisenteret for sesongen laurdag.

Harpefossen skisenter har planar om å opne delar av anlegget denne helga. Slik såg det ut i nedre del av anlegget torsdag føremiddag. Skjermdump: harpefossen.no  Foto: Harpefossen

Nyheter

– Vi har fått 20–25 cm snø siste dagane, og dersom alt går etter planen blir det ope i Enerskiheisen og Tautrekket komande laurdag og søndag, skriv skisenteret på sine heimesider.

Langrennsløypene er også klare til bruk.

– Vi har køyrt gjennom store deler av lysløypa, skiskyttarstadion og den nye rulleskitraseen med rull i ettermiddag, så no er det råd å ta seg ein skitur, melde dei onsdag kveld.

Skianlegget har også fått produsert ein god del snø. Snøkanonane var i aksjon både førre fredag og søndag.

På Harpefossen skisenter er det venta å kome meir snø natt til laurdag. Også søndag kan det kome ein del snø i skitrekket. Temperaturane er venta å ligge mellom 2 og -5 grader. I komande veke er det ikkje venta meir nedbør, men meteorologane melder om enda kaldare vêr og temperaturar ned mot -11 grader på Harpefossen.