Vil at fylket tek over vegstubbar

Formannskapet i Bremanger vil søke om at fylkeskommunen tek over heile vegstrekkene på Nesbøvegen og Kalvågvegen.

Kåre Jarl Langeland og Bremanger Venstre vil at fylket skal ta over heile vegstrekkene på Nesbøvegen og Kalvågvegen.  Foto: Frode Grimelid

Nyheter

Formannskapet diskuterte innspelet som kom frå Bremanger Venstre. Dei seier det bør vere fylkesveg til endes på Nesbøvegen (fv 572) og Kalvågvegen (fv 616). Felles for begge vegane er at dei sluttar å vere fylkesvegar før dei kjem fram til aktivitetsområde og viktige næringar. Nesbøvegen stoppar ved Dyrstad, ca. 1,5 km før Bremanger Quarry og 5 km før høgaktivtetsområde for utbygging av drift av Hennøya vindpark. Kalvågvegen stoppar ca. 250 meter før Kalvåg sentrum, og ca. 1,2 km før Kalvøya, som er kommunen sitt satsingsområde for fiskeri og maritim aktivitet.

– Vi føreslår dette fordi vi meiner at det kan redusere kommunen sine utgifter til vintervedlikehald. Til Kalvåg er det stadig hard belastning med hundrevis av trailerar gjennom sentrum. Og med utviklinga av Hennøy, så vil det komme meir anleggstrafikk, sa Kåre Jarl Langeland (V).