Skulenedlegging:

– Det var eit slag i trynet

– Dette er eit godt eksempel på korleis ein får folk vekk frå kommunen vår, seier Therese Kolseth.

Per-Kjetil Leirgulen (f.v.), Eirin Taklo, Therese Kolseth, Maria Kolseth Jensen og Merete Kolseth var skuffa då dei gjekk frå kommunestyresalen i Bremanger torsdag, der Kolset oppvekst vert lagt ned frå hausten 2019. Foto: Janne Weltzien Listhaug 

Nyheter

Ho er ein av fleire frå bygdene rundt Kolset som møtte opp i kommunestyremøtet der det blei bestemt at skulen på Kolset blir lagt ned frå 2019. Bygda har teke initiativ til å stable ein Montessoriskule på beina, og bad politikarane om å halde skulen open til 2020. Dei er skuffa over at det ikkje gjekk gjennom.