Likestilt:

– Valfridomen er viktigast

Som leiar i Norges kvinne- og familieforbund jobbar Aina Alfredsen Førde for ein betre kvinne- og familiepolitikk.

Aina Alfredsen Førde (52) takka i oktober ja til vervet som leiar for Norges kvinne- og familieforbund i to år. Som forbundsleiar jobbar ho for ein betre kvinne- og familiepolitikk.  Foto: Ingrid Elisabeth Haugen

Nyheter

– Husmorvikaren er viktig, innføring av skulemat over heile landet, fødetilbodet som blir dårlegare og dårlegare, lite jordmødrer i kommunane, ramsar Aina Alfredsen Førde opp som viktige saker ho jobbar med som forbundsleiar.