Arrangerer løp for 13. gong

10. juni blir turløpet Stadlandet Rett Vest arrangert for trettande gong.

Løp: I fjor var det deltakarrekord på Stadlandet Rett Vest med nær 300 deltakarar. Arkivfoto 

Nyheter

Det er Stadlandet Idrettslag som på ny arrangerer turløpet 2. pinsedag.

– I fjor var det deltakarrekord med nesten 300 deltakarar, skriv arrangøren.


Ser du deg selv eller noen du kjenner?

Nærmere 300 personer gjennomførte Stadlandet Rett Vest 2018 i naturskjønne omgivelser.

 

Løpet går frå Dragseidet på Stadlandet til Refsnes i Ervika på ytre Stadlandet.

Løpet er eitt av åtte løp i Nordfjordkarusellen, men ein kan også delta i trimklasse. Det er to løp ein kan delta i. Det eine er løpet på 13,2 kilometer med start frå Dragseidet.

I tillegg er det eit rebusløp som startar på Refsnes ved Ytre Stad grendahus. Dette går rundt Ervikvatnet og er 6,4 kilometer langt. Idrettslaget stiller med kiosk, premiering og transport, samt tranport av sekk til målgang.