Datateknologi på bana gjev rekordinteresse

SKYTING: Utvikling av skytebaner med datateknologi gjer at Stadlandet Skytterlag har auka medlemsmassen til 120. Det er rekord, ifølgje leiar Terje Lundebrekke.

Treningskveld: Vi møtte denne gjengen i samband med trening på den nye miniatyrskytebana på Stadlandet skule. Frå venstre Julian Fløde, Paul Olai Leikanger, Alexander Leikanger, Sveinar Leikanger, Oddgeir Stokkevåg og leiar Terje Lundebrekke. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMAGARD  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

– Skytterlaget vart etablert i 1908, og så vidt eg veit har det ikkje vore så mange medlemmer før. Det har lagt på 70-80. Grunnen er at vi har hatt god rekruttering av unge medlemmer, og det skuldast i hovudsak den nye miniatyrskytebana på Stadlandet skule med elektronisk visning av treff, seier Lundebrekke.