Geir Johnny har fotografert seg ut i verda

Fotograf Geir Johnny Huneide (52) har gått gradene frå lokal-TV til riksdekkande media. I det nye TV2-sende programmet Korrespondentene får sjåarane vere med eidaren og kollega Øystein Bogen då dei rykte ut til eit jordskjelv i Italia der 300 menneske mista livet.

Korrespondentar: Fotograf Geir Johnny Huneide (t.v.) og journalist Øystein Bogen utgjer eitt av TV2 sine team som sjåarane får følgje i den nye serien Korrespondentene, som har premiere på TV2 måndag. Huneide fortel at sjåarane får eit unikt innblikk i deira kvardag. Foto: Eivind Senneset  Foto: Privat

Nyheter

– Det er grådig spennande at ein får vere med eit team på jobb, og at sjåarane får sjå kva som skjer bak kameraet mitt. Ofte reiser vi til stader vanlege folk flyktar frå. I mitt tilfelle, i programmet, får publikum vere med når vi går direkte på Nyhetskanalen frå bilen på veg inn i området som er råka. Vi hadde ikkje tid til å stoppe å gå ut for å filme, fortel Huneide.