Har sett datoen for Selje challenge

Etter eit opphald i fjor, blir Selje Challenge no arrangert for sjette gong 29. juni.

Triatlon: Selje Challenge blir arrangert for sjette gong 29. juni. I 2017 var det 35 herrar, 15 damer og 5 lag som deltok. arkivfoto  Foto: MARIANN H.VENOY

Nyheter

Då kan ein utfordre seg sjølv med 500 meter symjing i forfriskande saltvatn, 6,2 kilometer sykling frå Selje sentrum og opp Sandvikeidet på 279 moh., før 1,8 kilometer med løp eller gange opp til Tarvaldseggja på 645 moh. står att.


 

– 29. juni inviterer vi igjen til ei fantastisk oppleving i vill vestlandsnatur, triatlon med start i Selje sentrum med symjing langs med vakre Seljesanden, deretter syklar ein gjennom Selje sentrum og opp bakken til skytebanen på Sandvikseidet. Til slutt løp eller gange opp til Tarvaldseggja med ei fantastisk utsikt ned mot Selje sentrum og ut til Stadhavet, Silda og Kråkenes, skriv arrangøren på si heimeside.


Heilt på bølgelengde i tøff triatlon

TRIATLON: Ordførarane Stein Robert Osdal, Kristin Maurstad og Alfred Bjørlo var blant dei 75 deltakarane som stilte til start i Selje Challenge laurdag. I tillegg var det over 30 påmelde barn til mini-challengen, som vart arrangert samstundes med triatlonen.