Legg ned saks og kam etter 50 år i salongen

Etter 50 år med kam og saks takkar frisør Astrid Midthjell (72) for seg. Livsverket hennar, salongen Wito i Svelgen, held fram som før med ny eigar.

F.v. Ann-Margret Rundereim har jobba i salongen i nesten ti år og blir no medeigar saman med Hildegun Helle. Astrid Midthjell (i stolen) ser fram til pensjonisttilværet. Foto: Ingrid Haugen 

Nyheter

Astrid Midthjell frå Ålfoten starta på Frisørskulen i Bergen i 1968. Ho hadde teke artium og var innstilt på å studere, men har aldri angra på at ho gjorde hår til si karriere.