Vil ha autovern langs vegen no

Rektor Thomas Hals ved Kjølsdalen Montessoriskule er frustrert over tida det tek å sikre gangvegen med eit fysisk skille.

Farleg punkt: Gangvegen forbi krysset i Kjølsdalen har autovern, bortsett frå stubben bak rektor Thomas Hals der den fatale ulukka med to omkomne skjedde i jula. – Det er ikkje berre sjanse for at bilar kjem inn på gangvegen, men også at born spring ut i vegen, seier Hals. Foto: Jørn-Arne Tomasgard 

Saka vart teken opp etter langvarig, generell frykt for at noko kunne skje.

Thomas Hals
Nyheter

– Vi melde inn faren med gangvegen inn mot skulen som mangla rekkverk første gong i mai 2015. Vegvesenet har vore på synfaring her, og svaret var at saka ikkje kjem under strakstiltak, men må vere gjenstand for ein grundigare plan. Vi har forståing for at planar tek tid, men tre og eit halvt år er uhaldbart. Det er frustrerande, seier Hals.