Får midlar til sykkelparkering

I Sogn og Fjordane er det Eid kommune som får midlar til meir sykling og gåing på fylkeskommunale og kommunale vegar i 2019.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V),kommunalsjef Elin Leikanger og rektor ved Nordfjordeid skule Anne-Grete Eikås. Foto: Eid kommune 

Nyheter

Totalt 78,5 millionar kroner til meir sykling og gåing på fylkeskommunale og kommunale vegar blir delt ut i 2019, og Eid kommune får 600.000 kroner av desse.

– Dette er ei skikkeleg gladmelding, og gjer det mogeleg for oss å tilby skikkeleg sykkelparkering ved alle kommunale skular i Eid i løpet av  2019. Det er viktig for å legge til rette for meir aktivitet i kvardagen og å få fleire til å sykle til skulen, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (Venstre).

Pengane frå Samferdsledepartementet vil bli nytta til å bygge anlegg for sykkelparkering for ca 250 tilsette og elevar ved Stårheim, Haugen og Hjelle skule.



–  Eid kommune har nettopp bygd ut 190 nye plassar for sykkelparkering ved sentrumsskulane i Eid, Nordfjordeid skule og Eid Ungdomsskule. Utbygginga har skjedd i eit spleiselag mellom Sogn og Fjordane kommune og Eid kommune. Med denne nye løyvinga frå Samferdsledepartementet får vi bygd ut sykkelparkering også på alle kommunale skular i bygdene våre. Dermed får alle skuleborn og tilsette ved kommunale skular i Eid tilbod om trygg sykkelparkering, seier Bjørlo. 

– Vi ønsker å legge til rette for at fleire tar beina fatt eller syklar når dei har høve til det. Da skaper vi betre mobilitet og miljø, i tillegg til betring av folkehelsa. Regjeringa må sørge for at infrastrukturen er på plass slik at fleire synes det er både trygt og attraktivt. For 2019 fordeler vi 78,5 millionar kroner for å støtte opp om tiltak og prosjekt fylkeskommunane og kommunane har ansvaret for, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Tilskotsordninga vart etablert i 2014 og er søknadsbasert. Alle fylkeskommunar og kommunar er inviterte til å søke. Statens vegvesen har motteke til saman 109 søknadar frå 59 søkarar. Totalt vil 58 tiltak no få tilskot.

For å få støtte må søkarane bidra med 50 prosent eigendel. Tilskotsmidla kan nyttast til mellom anna sykkelfelt, gang- og sykkelvegg, sykkelveg med fortau, fortau, utbetring av kryss og sykkelparkering. Eit viktig mål med ordninga er å auke fokuset og satsinga på sykling og gåing ute i landets fylkeskommunar og kommunar.