Kommunen fråvik ikkje bupliktkravet

Ekteparet frå Hemsedal som måtte separere seg for å kunne halde på draumen om å ha eit småbruk i Bremanger som fritidseigedom, ber no om hjelp frå landbruksministeren.

Står på buplikta: Saka har blitt behandla både administrativt og politisk i Bremanger og kommunen meiner det skal vere buplikt på eigedomen på Hauge. Arkivfoto: Svanhild Breidalen 

Nyheter

Det var Firdaposten som omtalte denne saka først, og NRK som rapporterer om dette.

Marianne og Tor Grøthe trudde dei kjøpte eit småbruk utan buplikt på Hauge i Bremanger. Seinare viste det seg at dette ikkje stemte – det var buplikt på eigedomen, skriv NRK som følgjer opp saka.

Selje eller flytte til Bremanger

Forskrift om folkeregistrering krev at ektepar må ha same bustadadresse for å følgje buplikta, så kravet var at paret måtte selje garden eller flytte til Bremanger. Løysinga for ekteparet blei å ta ut separasjon der Marianne Grøthe folkeregistrerte seg i Bremanger for å oppfylle krav til buplikt.

Grøthe jobbar i Hemsedal, og må dermed pendle mellom Hemsedal og Bremanger for å følge lova.

– Det er drastisk med separasjon, men vi såg ikkje annan utveg. Det var det einaste verkemiddelet vi hadde, seier Tor Grøthe til NRK.

Han meiner det skapar eit søkjelys på saka som ikkje burde vere der, men ser ingen annan utveg for dei.

Kommunen fekk medhald

I Bremanger har ein både på administrativt og politisk nivå slått fast at småbruket ligg så sentralt til at der er buplikt. Ekteparet frå Hemsedal meiner dei har blitt forskjellsbehandla i samanlikning med andre saker om buplikt i kommunen.

I desember 2018 slo imidlertid Fylkesmannen fast at vedtaket til kommunen er lovleg, og at Marianne Grøthe har buplikt i fem år. Kommunen får dermed støtte i at det ikkje har skjedd ugrunna forskjellsbehandling.

– I dei andre sakene er det snakk om eigedomar som ligg meir usentralt til, og som blant anna manglar innlagt vatn, seier Bremanger-ordførar Audun Åge Røys til NRK.

Tidlegare har Røys uttalt følgjande om saka til Fjordenes Tidende:

– Det stemmer at ein i desse sakene gav dispensasjon, men her var det utslagsgivande at eigedommane låg meir usentralt til. Eigedommen på Blåhella er sentrumsnær.

No vil det separerte ekteparet klage saka sin inn for landbruksdepartementet.

– Vi vil be dei om å omgjere saka, seier Tor Grøthe til NRK.

Landbruksdepartementet skriv i ein e-post til NRK at landbruks- og matministeren ikkje kan kommentere einskildsaker.