Lovar sommarjobb og pengestøtte til elevar

Kommunestyret i Vanylven har bestemt at dei mellom anna vil garantere sommarjobb for helsefagarbeidarar som studerar ved Herøy vidaregåande skule avdeling Vanylven.

Vanylven kommune garanterer sommarjobb for elevar som fullfører vg1 ved Herøy vidaregåande skule avdeling Vanylven. Arkivfoto: Marianne S. Rotihaug 

Nyheter

– Vanylven kommune ønskjer å satse på elevar som etter 10. trinn vel Herøy vidaregåande skule avdeling Vanylven, heiter det i vedtaket.

For skuleåret 2019/2020 får elevar som vel linene teknikk og indistruell produksjon, helse- og omsorgsfag og studiespesialisering ved skulen i Syvde få 4.000 kroner ved fullført 1. termin og 6.000 kroner ved fullført 2. termin.

Dei får også garanti om sommarjobb når vg1 er fullført.

Elevar som går på vg2 helsefagarbeidar garanti om sommarjobb. Elevar som går ut i 2019 og 2020 er garantert lærlingkontrakt i kommunen.

– No byrjar elevane å søkje til vidaregåande, og vi ynskjer sjølvsagt også elevar frå andre sidan av fylkesgrensa velkomne til Vanylven. Vi arbeider parallellt mot fylket for å få opning over fylkesgrensa slik at elevane får reelt fritt skuleval, seier ordførar Lena Landsverk Sande.