Busspassasjerar fekk seg ein sur smekk

Statens vegevesen hadde bilbeltekontroll på Rv 15 på Lefdal i Eid måndag kveld.

Illustrasjonsfoto: Erling Wåge 

Nyheter

Det vart utført kontroll på tre rutebussar denne kvelden med totalt 23 passasjerar.

Statens vegvesen opplyser at tre av passasjerane brukte ikkje bilbelte. Dermed så vart det 1.500 kroner i gebyr å betale for kvar av dei tre passasjerane som altså sat usikra i bussen.

Reglane seier at der det er montert bilbelte så pliktar alle passasjerar å bruke bilbelte utanom i bybussar.

Dette er reglane for bruk av bilbelte.

Under same kontrollen vart ein førar vart meldt for brot på køyre- og kviletids-regelverket.

Tre andre førarar fekk åtvaring for brot på same regelverk og to førarar måtte rydde frontruta før vidare køyring.

Totalt så kontrollerte Statens vegvesen 17 køyretøy i denne kontrollen.