I kveld får du sjå ytre Nordfjord på skjermen

Sitkagran, vêr og Kråkenes fyr blir tema for NRK sitt program Norge nå onsdag og torsdag.

Torsdag blir det sending frå landets mest vêrutsette stad, Kråkenes fyr.   Foto: Janne Weltzien Listhaug

Nyheter

I kveldens program er sitkgagrana tema.

Følgjande står i omtalen for kveldens program: På 50-talet vart sitkagrana planta ut i stor stil langs store deler av kysten vår. No har dugnaden byrja for å få den vekk. Norge nå er med på fjerning av «pøbelgrana» i Vågsøy i Nordfjord. Men er det mogeleg å få fjerna den? Og går vi samstundes glipp av ei stor potensiell inntektskjelde?

I  torsdagens program blir temaet vêr og Kråkenes.

Januarstormane har flytta møbler og knust det meste rundt Kråkenes fyr. Norge nå sender frå landets mest vêrutsatte stad. Programleiar Christer Johnsgård spør om korleis er det å bu her, og kvifor folk let seg fascinere så mykje av uvêret at dei kjem langvegsfrå for å oppleve det, heiter det i programomtalen.