Klare for sin femtande nyttårskonsert i rekka

Tiffany Huston og Helga Helgesen Rutledal er solistar når Torskangerpoll Musikklag feirar nytt år med konsert i Samfunnshallen laurdag 12. januar.

Tiffany Huston og Helga Helgesen Rutledal er solistar når Torskangerpoll Musikklag feirar nytt år med konsert i Samfunnshallen laurdag 12. januar. Fotomontasje: Fjordenes Tidende 

Nyheter

I år blir det mange kjende låtar frå pop-historia. Dei lokale artistane Tiffany Huston og Helga Helgesen Rutledal skal framføre melodiar dei er glade i.

– Konserten er kalla Ei reise i musikk. Det blir ein svært variert konsert med mange kjende låtar frå heile verda. Det blir mykje populærmusikk som både unge og eldre vil kjenne igjen, seier dirigent Lisbeth Helen Våge.

Korpset har også eigne solistar som skal vise seg fram.

– Eg gler meg til å vise fram korpset til publikum. Vi har mange flinke og stabile musikantar som gjer at det er kjekt å jobbe som dirigent. Det er ein fantastisk gjeng. Og så har vi eit program som eg trur dei fleste vil finne noko dei likar.

Det blir kjende låtar av blant anna Abba, Peter Cetera, Judy Garland og Frank Sinatra, samt karneval, musikk frå musikalar, fest og sving.

– Vi har brukt hausten og vinteren til å øve fram mot denne konserten som er eit av dei årlege høgdepunkta, seier leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Einar Wåge, som kan opplyse at førehandssalet av billettar er godt i gang, og at Samfunnshallen er i ferd med å fylle seg opp.

– Det har blitt ein tradisjon at Torskangerpoll Musikklag startar året med nyttårskonsert første helga i januar. Vi pyntar konsertsalen og oss sjølve og trur det kan bli ein flott ettermiddag. Dette er 15. året at vi spelar inn det nye året med konsert i Samfunnshallen andre helga i januar, seier Wåge, som ikkje kan tenke seg ein finare måte å starte eit år på enn med musikk.

– Vi har hatt godt besøk på nytttårskonsertane våre. I 2018 hadde vi rekord med nesten 350 i salen. Publikum har skrytt av det dei har fått servert. Derfor føler vi på eit forventingspress som vi håpar å innfri også denne gongen, seier Wåge.