Matskulen:

Marcelina byr på chili con carne

Matskulen byr på oppskrifter utarbeidd av MVS-elevane som går på kokk- og servitørfag i samarbeid med faglærarane Iren Hammersvik, Bente Iren Vonheim og Monica Iren Venøy Lexau. I dag har Marcelina Tadajewska laga chili con carne. 

Nyheter

Chili con carne er ein enkel og smakfull gryterett frå Sørstatane. Denne retten går fint å lage nokre dagar før servering, og passar fint å lage til mange. Den blir betre og betre jo lengre den står. Server chili con carne med ein klatt rømme og eit dryss koriander, og så må ein ikkje gløyme å ha tortillachips til.