Næringslivet blar opp basseng-millionar

Gruppa som arbeider for å utvikle sentrumsfyllinga i Måløy har bede næringslivet om 45 millionar kroner for å realisere bassengplanane. No markerer fire lokale verksemder startskotet med å garantere for ti prosent av beløpet.

F.v. dagleg leiar Kjell Gunnar Tennebø i Sætren AS, dagleg leiar Sindre Kvalheim i Local Host Holding, dagleg leiar Kristian Nydal i Husevåg Rør AS, dagleg leiar Wictor Svoren i Isovent og hovudeigar Einar Rune Sætren i Sætren AS bidrar alle til realisering av bassenganlegget som er planlagt på sentrumsfyllinga i Måløy. – Dette er ei investering i heile befolkninga si helse. Eit tilbod som kan nyttast av alle, seier Svoren. Foto: Marianne S. Rotihaug 

Nyheter

– No er det ei heilt unik moglegheit som er opparbeida, og då må vi som næringsliv gjere så godt vi kan for å bidra, seier dagleg leiar Sindre Kvalheim i Local Host Holding.